Verkstad
Bjørdal Bil og MECA
Bjørdal Bil er godkjent bilverkstad og medlem i Meca Carservice kjeda. Dette sikrar gode prisar på deler til alle bilmerke, alltid oppdaterte databaser på alle merke, elektronisk feilsøkingsutstyr og kursing av våre dyktige mekanikarar. Vi er i tillegg sjølvsagt sertifisert servicepartner for utføring av garantireparasjonar, kampanjer og oppdateringar til alle våre nybilmerke.
Service
Service og vedlikehald
Hos oss kan du få utført service og reparasjonar frå bilen er ny, uansett merke, og framleis ha full fabrikkgaranti på bilen. Om bilen er ny eller gammal kan feil eller varsel forekome. Vi feilsøker effektivt og stiller diagnose for å få reparert eventuelle feil så raskt som råd.
Har du ein eldre bil er det også viktig med regelmessig service. Vi har lang erfaring med dei aller fleste merke og reparerer/kontrollerer bilar av alle slag og alderskategoriar.


EU kontroll
EU kontroll – eit pålegg frå Statens Vegvesen
Periodisk køyretøykontroll (PKK),eller EU-kontroll som dei fleste kallar det,skal utførast første gong innan 4 år etter første registreringsdato. Deretter skal bilen vere godkjent kvart 2. år. Det er viktig å vere merksam på at dato for EU-godkjenning er absolutt, noko som betyr at bilen må vere godkjent innan opplyst dato. Du finn frist for EU-godkjenning av din bil ved å legge inn reg.nr. på www.vegvesen.no
Karosseri- og lakk
Profesjonell karosseri- og lakkverkstad
Vi er stolte av vår velrenommerte karosseri- og lakkverkstad under leiing av Ole Johnny Bratteberg.
Her reparerer og lakkerer vi for både bedrifter og privatkundar. Vi har i tillegg avtale med dei fleste forsikringsselskapa i Norge. Skulle uhellet vere ute ordnar vi med taksering, reparasjon og lakkering – betre og meir effektivt enn nokon andre i området!
